Tidleg i sommar starta eg på eit prosjekt i lag med Istad energimontasje og Tussa Kraft. Arbeidet med å forsterke 22KV-linja mellom Ørsta og Standal er godt i gong og stolpane har vorte skifta ut med jamn fart.
Arbeidet består i å grave nye hòl, sette ned rør, plassere nye stolpar og sikre dei. Det kan høyrest enkelt ut, men arbeidet er krevjande då det framleis er straum på den gamle linja og dei nye stolpane vert monterte mellom desse.
Her set vi ned fundament til dei nye stolpane. Som de ser på biletet står dei gamle stolpane nokre meter lenger borte. Rørar er to meter djupe.
Å løfte desse stolpane, for så å plassere dei midt i stolpefundamenta er tidkrevjande arbeid. Fordi den gamle linja går like ved sidan av, med straum, er det avgjerande å ha full kontroll for å unngå kontakt med desse.
Stolpen er komen på plass i fundamentet. No gjenstår presisjonsarbeid for at alt skal vere beint og på linje.
Til trass for at bileta kanskje viser noko anna, så har det vore svært mykje regn i heile anleggsperioden. Dette gjer arbeidet ekstra krevjande og utfordrande. Som de ser på biletet er det ikkje enkelt å springe rundt med store støvlar i gjørme!
Begge stolpane er på plass. No er det om å gjere at den er bein og at stolpane står på linje med dei vi har sett ned før. Her snakkar vi millimeterpresisjon!
Her er alt beint og rett, og “stolpebas” tek ein siste finpuss på stolpefundamenta!
Her kjem røra som vert brukte til fundament for stolpane.
Sjølv om arbeidet er krevjande og vèret ikkje alltid har vore det beste, så er det ingenting å seie på omgjevnadane! Fjelltoppane som omkransar Follestaddalen varier i høgde frå ca 900 til over 1400 moh. Dalbotnen er flat, særleg dei fremste delane av dalføret. Også stigninga i dalbotnen er liten. Dalen er om lag 5-600 meter brei.
Transportservice Standal AS leverer singel til oss. Singelen kjem frå Standal knuseverk, berre nokre kilometer unna anleggsområdet. Det vert sagt at på ein vindstill finevèrsdag, så kan ein stå i Follestaddalen og rope at ein må ha grus og så kjem Transporservice durande berre nokre minutt seinare!
Det har vore avgjerande å kunne nytte seg av ein lokal leverandør som stiller med singel på minuttet.
I neste blogginnlegg skal eg vise bileter frå sjølve stolpehandteringa.