Eg tek jobbar i heile landet - ta kontakt for uforpliktande samtale!

torsdag 14. mai 2009

Flaumsikring av elv

Ingenting er viktigare enn at elvane som omgir oss er flaumsikre. Diverre er det ikkje alltid slik, og då er det viktig å rydde elvane i etterkant og flaumsikre dei. Eg har hatt diverse oppdrag på vegne av NVE, og både eg og oppdragsgivar har vore opptekne av det estetiske, like mykje som at det skal verte trygt for husstandane nær elva.

016

Desse bileta er frå Skytjeåa, ei elv i Ørsta. Den renn gjennom eit bebygt område med bustadar tett inntil elva.

017

Elva skal i størst mogleg grad fylgje sitt naturlege elveløp.

018

021

Her nærmar elva seg Ørsta sentrum. Grunneigarane nærast elva har fått opparbeidd hagane som har vore ramma av flaumelva.

022

Muren på motsett side av elva er bein og jamn, det gir eit fint inntrykk.

023

Det har vore utfordrande arbeid, då elva er smal og maskina har stått i elva det meste av tida. Nokre stadar har det vore umogleg å kome til frå elvebreidda.

027

Elva tek ein krapp sving.

028

Det kan sjå ut til at eg har gløymt ein stor stein midt i elva, men dette er eit såkalla fiskehus.

029

Slik ser fiskehuset ut frå nært hald. Under steinen er der ei hole, slik at kredene kan ha ein stad å gøyme seg.

030

Elva buktar seg vidare mot Ørsta sentrum.

Ingen kommentarer: