Tidlegare i august var eg i Tønsberg og kjøpte ny maskin.
Eg har kjøpt ei Komatsu PC138. Skodje tungtransport tok på seg jobben med å frakte maskina til Ørsta.
Den yngste “tilsette” i Aarskog maskin tok med seg ein kompis og tok maskina i augesyn. Eg trur poden var godt nøgd med handelen!
Her er maskina på veg opp til fotballbana, der eg held på med grunnarbeidet til ein ballbinge.
No er maskina stasjonert i Morkagylet, der eg held på med eit prosjekt for NVE. Bileter frå det prosjektet vert lagt ut på bloggen seinare.