Eg tek jobbar i heile landet - ta kontakt for uforpliktande samtale!

søndag 28. november 2010

Energien MÅ fram!

Siste vekene har eg halde på med eit oppdrag for Tussa Kraft i lag med selskapet Aurvoll og Furesund. Ein sjøkabel som går på havbotnet over Breisundet skulle førast i land på Sula.

Sula 

Vi måtte lage veg ned ei svært bratt skråning, med dei utfordringane det medførte. Det er ikkje så lett å gjere slikt arbeid, då det både er krevjande og risikofylt.  I tillegg har sjølvsagt flo og fjøre vore avgjerande for kor raskt vi kunne arbeide. Men i lag med dei dyktige karane frå Aurvoll og Furesund har vi lukkast med oppdraget på ein svært god måte.

sula1

Kablane vert førte i land og dekte over. To maskiner har halde det gånde for å få oppdraget i hamn innan tidsfristen.

sula2

Det er mange artige formasjonar å sjå når ein jobbar ute i naturen!

sula3

Medan eg har sete i gravemaskina har eg hatt utsikt til den karakteristiske Masdalskloven . Det var litt for mørkt då eg tok biletet, men etter litt manipulasjon fekk biletet eit litt artig uttrykk.

I skrivande stund er arbeidet med ilandføring av kabelen snart ferdig.

søndag 22. august 2010

Med tunga beint i munnen!

Nokre graveoppdrag er meir krevjande enn andre. Det kan vere når dei geografiske tilhøva er særleg utfordrande, eller når jordsmonnet er sleipt og blautt. Det er også krevjande å handtere ei stor gravemaskin når ein skal manøvrere på svært tilmålt plass.

IMG_4058

Av ymse grunner måtte muren bak huset murast ferdig etter at huset var reist. Å skulle manøvrere ei 15 tonns maskin er ikkje berre lett når det er så smalt mellom hus og mur. På grunn av at maskina har kort hekk, går det an å gjere dette. Det vil seie at maskina svingar innanfor beltebreidda.

IMG_4063

Etter at muringa var ferdig måtte eg opp på muren og plannere skråninga.

IMG_4066

IMG_4068

Kreativ trefelling!

mandag 19. juli 2010

Ein forstår at gode murar er viktig…

…når ein skal klargjere tomter i slike bratte bakkar!

IMG_2050

Dette biletet er teke i eit av dei nye bustadfelta i Volda kommune. Bakkane er bratte, noko som stiller særlege krev til murane. 

IMG_2055 

Dette er ein typisk “tørrmur”, som sikrar tomta i front. Det er også for å få huset opp i høgd. Når ein byggjer i bratte bakkar er slike murar nødvendige for å kunne utnytte terrenget. Muren er også ein del av huset si fasade, og eg meiner det er viktig å gjere seg flid slik at den tek seg godt og kan vere med på å komplimentere huset.

IMG_2051

På grunn av slike murar kan det som før var ein bratt bakke, verte ei byggjeklar tomt!

torsdag 17. juni 2010

Luftig oppdrag i svimlande høgder!

Nokre oppdrag er meir krevjande enn andre. Vegen er lang frå grøftegraving 10 meter over havet  til graving av hòl til høgspentmaster fleire hundre meter over havet! Det er dette som gjer jobben min så spennande; stadig nye utfordringar og nye stadar å sjå! Det er sunt med variasjon og artig å prøve noko nytt!

IMG_2318

Tussa Kraft skal skifte ut høgspentstolpar og treng gravemaskin både til graving av nye hòler og til å reise stolpane. Stolpane er 17 meter høge og ein må vere stø på handa for å manøvrere dei i rett posisjon.

IMG_2302

IMG_2303

Linjearbeidarane sørger for at alt går rett føre seg.

IMG_2314 IMG_2312

Ein av dei viktigaste grunnane til at stolpane må skiftast ut, er at hakkespetten øydelegg stolpane. Bileta viser at dei hakker seg rett gjennom stolpen, noko spettet illustrerer. Dei hakker seg også opp og ned stolpane innvendig, noko som gjer at stolpane fort rotnar opp og kan knekke.

IMG_2316 

Til høgre i biletet kan ein så vidt skimte Bjørke kraftstasjon og busetnad. Fjellet i framgrunnen heiter Kamben og vegen for å kome seg rundt fjellet, frå Bjørke til Leira, har vore spesielt utsett for ras og steinsprang. Om ei veke er det opning av Leiratunnelen, som med sine 1953 meter vil gi rassikker veg mellom bygdene Bjørke og Leira/Viddal.

IMG_2295

Bjørke kraftstasjon. Kjempejettegryta, som ein kan skimte rett til høgre for kraftstasjonen, vart avdekt midt i senterlina for tunnelpåhogget for Leiratunnelen. Lengst til høgre i biletet ser ein tunnelopninga på Bjørke.

IMG_2296

Jettegryta er unik, ikkje berre i nasjonal, men også i internasjonal samanheng. 

IMG_2310

Det er ikkje alle som har så spektakulær utsikt frå arbeidsplassen sin!

Her er ein ny travers montert.

Gå gjerne innom Tussa AS sine heimesider for å lese meir om prosjektet!

(Noko av teksten om Jettegryta og Leiratunnelen er henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune si brosjyre om Leiratunnelen)