Eg tek jobbar i heile landet - ta kontakt for uforpliktande samtale!

søndag 16. februar 2014

420 KV Ørskog-Sogndal

Siste to åra har Aarskog maksin vore leigd inn til å arbeide med fundamentgraving og boring til den nye 420 KW-linja mellom Ørskog og Fardal.

Arbeidet er krevjande, både for maksiner og folk. Mykje av jobben skal gjerast langt til fjells og alt av maskiner og utstyr har vorte frakta opp med helikopter.

På grunn av at eg har ei gravemaksin som lett kan transporterast med helikopter, har eg hatt høve til å arbeide i heile vinter.

Bileta under viser noko av arbeidet Aarskog maskin har vore med på.















Om du vil lese meir om kraftlinja og sjå oppdateringar på kor langt arbeidet har kome, så kan du sjå innom Statnett si side her.

søndag 6. mai 2012

Vårsesongen er i gang!

Eit av dei sikraste vårteikna er at huseigarar vil ha orden i hagane sine. Mykje arbeid gjer dei sjølve, men noko arbeid treng dei hjelp til av fagfolk, som til dømes å lage forstøtningsmur og prydmurar. Bilete får ein prydmur/hageanlegg eg har laga kan du sjå ved å klikke her.

IMG_8845

Før helga avslutta eg denne muren, som er ein forstøtningsmur for ein privatkunde, rett bak eit bustadhus.  Muren har komt opp etter at huset vart bygt, og då det er ganske smalt mellom hus og mur har dette vore eit krevande arbeid. Det er ikkje berre enkelt å snirkle seg hushjørna med  traktor med hengar og stor gravemaskin.

IMG_8852

Det som gjorde arbeidet ekstra krevande, var eg eg måtte stå på fyrste muren for å kunne mure den andre. Dersom den fyrste muren hadde vore av dårleg kvalitet, ville dette ikkje ha gått. Men muren rikka seg ikkje ein millimeter og det var det beste kvalitetsteiknet eg kunne få!

IMG_8853

Eg brukte SMP-klypeskuffe og Engcon rotrotilt for å få på plass dei store steinane. Utan dette utstyret hadde det vore uråd å gjennomføre arbeidet med muren. Her kan du lese meir om Engcon rotortilt og sjå demonstrasjonsvideo.

IMG_8861

Eg har nytta naturstein frå lokalområdet (Ørsta/Volda). Ein treng ikkje å nytte perfekt forma stein frå mursteinsbrot for å få ein fin mur. Men det stiller sjølvsagt krav til den som utfører arbeidet om at ein kan sjå korleis steinane må ligge i forhold til kvarandre for at det skal sjå finast mogleg ut. Om ein nyttar slik stein kan ein sleppe unna murarbeidet til ein heilt annan pris enn om ein skulle ha tilkøyrt stein frå steinbrot.

IMG_8862

På dette bilete ser de kor nært husveggen muren er og forstår kanskje at dette har vore eit krevjande arbeid!

No er muren endeleg ferdig og både eg og kunden er nøgde med resultatet. Bustadhus som er oppført i landlege omgjevnader kan godt ha ein rustikk og grov natursteinsmur som forstøtningsmur. Detnne muren ser fint ut og passar godt inn i terrenget, samstundes som at den sikrar skråninga bak huset frå å rause ut.

søndag 26. februar 2012

DRIVEX 370 – VERDENS BESTE PLOG!

I år investerte eg i nytt utstyr til vintersesongen, mellom anna så måtte eg ha ny plog til traktoren. Eg har tidlegare prøvt ymse merke, men no var det DRIVEX som fanga merksemda mi. Plogen vart kjøpt via Hesselberg maskin, der eg fekk utmerka god service og eit godt tilbod på ny plog. Sindre Volle, salsrepr. for Hesselberg, gjorde ein svært god jobb og følgte opp med hjelp og råd undervegs.

aarskog

DRIVEX viste seg raskt å vere den desidert beste plogen eg nokon gong har prøvd. Med dei snømengdene eg jobbar med, hadde aldri ein annan plog hatt ein sjanse til å måle seg med denne. Dette er verdens beste plog!

aarskog1

Plogen kan køyrast diagonalt, y-form (sjå bilete under)  og som spissplog (sjå bilete over). Det er lett å skifte mellom funksjonane. Alt blir styrt elektronisk inne i traktoren. Når brøyteoppdraga vekslar mellom riksveg, gangveg, småvegar og større områder/parkeringsplassar, er det avgjerande at desse skifta går raskt.

aarskog2

Traktoren eg køyrer no, er også ny. Eg har lenge køyrt John Deere, men gjekk i fjort til innkjøp av ein Fendt 818. Dette er ein traktor med alle tenkjelege fasilitetar.

aarskog3

Med plogar av anna merke har eg brukt svært mykje tid på skruing og reparasjon. Denne sesongen har eg ikkje ikkje skrudd noko som helst. DRIVEX-plogen har vist seg å vere den mest driftssikre, vedlikehaldsfrie og effektive plogen eg har hatt.

Eg har vore i kontakt med firmaet i Sverige som produserer plogen og dei er svært glade for å høyre at eg er så nøgd med plogen. Dette skriv DRIVEX på heimesida si:

“Drivex är ett varumärke under Mähler International, och står för marknadsledande redskap för hjullastare och traktorer. Drivex produkter tillverkas i Edsbyn, Hälsingland och Rossön, Jämtland. Mählers är ledande i norden på redskap för lastbil & väghyvel. Sedan 1 december 2009 säljs Drivex produkter i Sverige av försäljningsbolaget engcon Sweden AB.”

Det har vore relativt lite snø i vinter. Det har kome nokre kraftige snøfall som har vart nokre dagar, og så har det vorte mildvèr att. Eg tvilar likevel på at vinteren er over, så vi har nok meir snø i vente! Men så lenge eg køyrer med DRIVEX-plog på traktoren, kan det berre snø så mykje det vil!

søndag 30. oktober 2011

Forsterking av 22KV-linje mellom Ørsta og Standal

IMG_0267 standal directions 

Tidleg i sommar starta eg på eit prosjekt i lag med Istad energimontasje og Tussa Kraft. Arbeidet med å forsterke 22KV-linja mellom Ørsta og Standal er godt i gong og stolpane har vorte skifta ut med jamn fart.

Arbeidet består i å grave nye hòl, sette ned rør, plassere nye stolpar og sikre dei. Det kan høyrest enkelt ut, men arbeidet er krevjande då det framleis er straum på den gamle linja og dei nye stolpane vert monterte mellom desse.

 

IMG_0274

Her set vi ned fundament til dei nye stolpane. Som de ser på biletet står dei gamle stolpane nokre meter lenger  borte. Rørar er to meter djupe.

IMG_0277

Å løfte desse stolpane, for så å plassere dei midt i stolpefundamenta er tidkrevjande arbeid.  Fordi den gamle linja går like ved sidan av, med straum, er det avgjerande å ha full kontroll for å unngå kontakt med desse.

IMG_0278

Stolpen er komen på plass i fundamentet. No gjenstår presisjonsarbeid for at alt skal vere beint og på linje.

IMG_0279

Til trass for at bileta kanskje viser noko anna, så har det vore svært mykje regn i heile anleggsperioden. Dette gjer arbeidet ekstra krevjande og utfordrande. Som de ser på biletet er det ikkje enkelt å springe rundt med store støvlar i gjørme!

IMG_0285

Begge stolpane er på plass. No er det om å gjere at den er bein og at stolpane står på linje med dei vi har sett ned før. Her snakkar vi millimeterpresisjon!

IMG_0289

Her er alt beint og rett, og “stolpebas” tek ein siste finpuss på stolpefundamenta!

IMG_0286

Her kjem røra som vert brukte til fundament for stolpane.

IMG_0299

Sjølv om arbeidet er krevjande og vèret ikkje alltid har vore det beste, så er det ingenting å seie på omgjevnadane! Fjelltoppane  som omkransar Follestaddalen varier i høgde frå ca 900 til over 1400 moh. Dalbotnen er  flat, særleg dei fremste delane av dalføret. Også stigninga i dalbotnen er liten. Dalen er om lag 5-600 meter brei.

IMG_0301

Transportservice Standal AS leverer singel til oss. Singelen kjem frå Standal knuseverk, berre nokre kilometer  unna anleggsområdet. Det vert sagt at på ein vindstill finevèrsdag, så kan ein stå i Follestaddalen og rope at ein må ha grus og så kjem Transporservice durande berre nokre minutt seinare!

IMG_0303

Det har vore avgjerande å kunne nytte seg av ein lokal leverandør som stiller med singel på minuttet.

I neste blogginnlegg skal eg vise bileter frå sjølve stolpehandteringa.

lørdag 15. januar 2011

Tøff vinter for brøytarane.

Det har vore store snømengder i desember og januar, noko som har gitt brøytarane lange dagar  og mange dagar i traktoren. Det er ikkje sjeldan ein brøyter fleire døgn i strekk.

DSC_0332[1]

(foto: Møre Nytt)

Her er eg i fullt driv i Bjørdalen i Ørsta. Når snøbygene har gjort i frå seg og det vert klarvèr, er det nye runder i traktoren for å finpusse, lage breiare veg og skrape.

DSC_0311[1]

(foto: Møre Nytt)

IMG_5892

Snøfres er ein nyttig reiskap på traktoren. Når det er mykje snø og høge brøytekantar er det nesten det einaste som går an. Då får ein fjerna snøen med ein gong, og slepp at den rausar ned att frå brøytekanten.

IMG_5903

Vel heime etter ei to-døgns brøytevakt!

søndag 28. november 2010

Energien MÅ fram!

Siste vekene har eg halde på med eit oppdrag for Tussa Kraft i lag med selskapet Aurvoll og Furesund. Ein sjøkabel som går på havbotnet over Breisundet skulle førast i land på Sula.

Sula 

Vi måtte lage veg ned ei svært bratt skråning, med dei utfordringane det medførte. Det er ikkje så lett å gjere slikt arbeid, då det både er krevjande og risikofylt.  I tillegg har sjølvsagt flo og fjøre vore avgjerande for kor raskt vi kunne arbeide. Men i lag med dei dyktige karane frå Aurvoll og Furesund har vi lukkast med oppdraget på ein svært god måte.

sula1

Kablane vert førte i land og dekte over. To maskiner har halde det gånde for å få oppdraget i hamn innan tidsfristen.

sula2

Det er mange artige formasjonar å sjå når ein jobbar ute i naturen!

sula3

Medan eg har sete i gravemaskina har eg hatt utsikt til den karakteristiske Masdalskloven . Det var litt for mørkt då eg tok biletet, men etter litt manipulasjon fekk biletet eit litt artig uttrykk.

I skrivande stund er arbeidet med ilandføring av kabelen snart ferdig.

søndag 22. august 2010

Med tunga beint i munnen!

Nokre graveoppdrag er meir krevjande enn andre. Det kan vere når dei geografiske tilhøva er særleg utfordrande, eller når jordsmonnet er sleipt og blautt. Det er også krevjande å handtere ei stor gravemaskin når ein skal manøvrere på svært tilmålt plass.

IMG_4058

Av ymse grunner måtte muren bak huset murast ferdig etter at huset var reist. Å skulle manøvrere ei 15 tonns maskin er ikkje berre lett når det er så smalt mellom hus og mur. På grunn av at maskina har kort hekk, går det an å gjere dette. Det vil seie at maskina svingar innanfor beltebreidda.

IMG_4063

Etter at muringa var ferdig måtte eg opp på muren og plannere skråninga.

IMG_4066

IMG_4068

Kreativ trefelling!

mandag 19. juli 2010

Ein forstår at gode murar er viktig…

…når ein skal klargjere tomter i slike bratte bakkar!

IMG_2050

Dette biletet er teke i eit av dei nye bustadfelta i Volda kommune. Bakkane er bratte, noko som stiller særlege krev til murane. 

IMG_2055 

Dette er ein typisk “tørrmur”, som sikrar tomta i front. Det er også for å få huset opp i høgd. Når ein byggjer i bratte bakkar er slike murar nødvendige for å kunne utnytte terrenget. Muren er også ein del av huset si fasade, og eg meiner det er viktig å gjere seg flid slik at den tek seg godt og kan vere med på å komplimentere huset.

IMG_2051

På grunn av slike murar kan det som før var ein bratt bakke, verte ei byggjeklar tomt!

torsdag 17. juni 2010

Luftig oppdrag i svimlande høgder!

Nokre oppdrag er meir krevjande enn andre. Vegen er lang frå grøftegraving 10 meter over havet  til graving av hòl til høgspentmaster fleire hundre meter over havet! Det er dette som gjer jobben min så spennande; stadig nye utfordringar og nye stadar å sjå! Det er sunt med variasjon og artig å prøve noko nytt!

IMG_2318

Tussa Kraft skal skifte ut høgspentstolpar og treng gravemaskin både til graving av nye hòler og til å reise stolpane. Stolpane er 17 meter høge og ein må vere stø på handa for å manøvrere dei i rett posisjon.

IMG_2302

IMG_2303

Linjearbeidarane sørger for at alt går rett føre seg.

IMG_2314 IMG_2312

Ein av dei viktigaste grunnane til at stolpane må skiftast ut, er at hakkespetten øydelegg stolpane. Bileta viser at dei hakker seg rett gjennom stolpen, noko spettet illustrerer. Dei hakker seg også opp og ned stolpane innvendig, noko som gjer at stolpane fort rotnar opp og kan knekke.

IMG_2316 

Til høgre i biletet kan ein så vidt skimte Bjørke kraftstasjon og busetnad. Fjellet i framgrunnen heiter Kamben og vegen for å kome seg rundt fjellet, frå Bjørke til Leira, har vore spesielt utsett for ras og steinsprang. Om ei veke er det opning av Leiratunnelen, som med sine 1953 meter vil gi rassikker veg mellom bygdene Bjørke og Leira/Viddal.

IMG_2295

Bjørke kraftstasjon. Kjempejettegryta, som ein kan skimte rett til høgre for kraftstasjonen, vart avdekt midt i senterlina for tunnelpåhogget for Leiratunnelen. Lengst til høgre i biletet ser ein tunnelopninga på Bjørke.

IMG_2296

Jettegryta er unik, ikkje berre i nasjonal, men også i internasjonal samanheng. 

IMG_2310

Det er ikkje alle som har så spektakulær utsikt frå arbeidsplassen sin!

Her er ein ny travers montert.

Gå gjerne innom Tussa AS sine heimesider for å lese meir om prosjektet!

(Noko av teksten om Jettegryta og Leiratunnelen er henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune si brosjyre om Leiratunnelen)