Når ein kjøper bustadar av eldre årgang, opplever ein ofte å måtte gjere store utbetringar for å få løysingar som fungerer godt nok. Dette er bileter frå ein privat bustad i Ørsta, som ynskte utbetra tilkomst til huset sitt.
Før. Rør for vatn og kloakk måtte gravast ned før sjølve utbetringa av vegen tok til.


Etter. Vegen har vorte mykje breiare og fått ein solid støttemur.
Ein stabbestein vart sett opp for å marker starten på muren. Lokalkjende vil sjå at den liknar Liadalsnipa!
Før. Det var smalt bak huset, og huseigar ynskte utviding for å komme seg bort til fjøsen med både bil og traktor.

Etter.
Før. Slik såg det ut bak huset før eg tok til å grave.

Etter.
Før. Denne vesle platten skulle verte hovudtilkomst til huset.
Etter.

Ein fagmann er ikkje nøgd med arbeidet før muren er heilt bein! Det ligg mykje presisjonsarbeid bak ei så rett linje!
Det estetiske må også ivaretakast!
Stein for stein veks ein mur fram, med rett halling og kurve.
Før. Huseigarane ynskte at området innom huset skulle utvidast så det kunne nyttast både til snuareal for bil, og til rekreasjon.

Etter. Her har dei fått maksimal utnytting av arealet.