Eg tek jobbar i heile landet - ta kontakt for uforpliktande samtale!

fredag 22. mai 2009

Traktor på tur

Av og til er ein heldig og får oppdrag andre stadar enn i nærmiljøet. I dag flytta eg traktor og gravemaskin til Urke for å gjere nokre oppdrag.

016

Maskin og traktor er klare til avreise.

018

Det er viktig å ha med seg arbeidshjelp! Denne karen storkosa seg på tur i dag.

019

Maskin og dreng gjer seg klare til avreise frå Sæbø.

022

Turen til Urke startar på fergekaia på Sæbø. Der tek vi ferje til Leknes, og køyrer nokre kilometer før vi kjem til Urke. Få stadar er vakrare enn Hjørundfjorden, og i dag viste naturen seg frå si flottaste side!

3 kommentarer:

Tove sa...

Kjekke guten min og flinke mannen min!!!

martin sa...

Hei, kjempe fin blogg du har! =D

Jeg er selv 18 år og lurer på å kjøpe en enkel og billig traktor som jeg kan bruke til litt masse transport og brøyting om vinteren. Men regnskap og økonomi er saker jeg kan veldig lite om. Derfor lurte jeg på hvor mye det ca koster å la et regnskaps kontor ta seg av det kjedelige papir arbeidet?
Har du ellers noen tips til en som ønsker å begynne i det små med traktor og tilhenger og drive med litt masse transport?

Aarskog maskin sa...

Hei Martin! Så kjekt at du likar bloggen min og at du tek kontakt - håper du er innom og får lese svaret mitt.

Det viktigaste du må gjere er å ta kontakt med eit rekneskapsfirma. Dei vil kunne gi deg ein liten peikepinn på kor mykje dei skal ha betalt for å gjere jobben. Men tru du meg; det er vel verdt kvar ei krone!!!! Men forhøyr deg rundt slik at dei ikkje lurer deg på pris.

Når det gjeld andre gode råd, så vil det vere viktig for deg å opprette kontakt med firma i nærområdet ditt som kan ha behov for tenestene dine. Send gjerne e-postar og ring rundt slik at dei får vite om at du er klar til å jobbe!

Eit anna viktig råd er at den jobben du gjer, må gjerast skikkeleg! Det er dei flinke, ærlege og grundige som overlever i bransjen. Finn ut kva andre tek for arbeidet og prøv å legge deg på omtrent same pris. Og hugs; det er DU som bestemmer prisen, IKKJE kunden!!! Og styr unna svartearbeid, det vil du ikkje drive med!!!
Ta gjerne kontakt igjen dersom det er noko du lurer på!

Mvh Terje