Eg tek jobbar i heile landet - ta kontakt for uforpliktande samtale!

onsdag 9. september 2009

Prosjektet i Morkagylet skrid fram.

Etter nokre vekers hardt arbeid, ser ein tydelege spor etter flaumsikringa i Morkagylet.

FØR:

120

Slik såg det ut i elva då eg tok til på arbeidet. Det skal sterke krefter til for å hanskast med slike kampesteinar! Steinen vart likevel for stor for maskina mi, så eg måtte ta i bruk pigghammar og dele den i mindre steinar. Desse steinane vart såpass bra at eg kunne bruke dei i muren.

ETTER:

031

Arbeidet er godt i gong,  men no vert det stopp i Morkagylet ein periode. Statens vegvesen skal utforme ein kulvert under sjølve brua, og medan dei held på med det skal eg setje i gong lenger oppe i elva.

032

Det er viktig at elva får fylgje sitt opprinnelege elveløp. Den nyinnkjøpte maskina fungerer forøvrig svært godt i elva. Denne typen maskiner har smal maskinbreidde og svingar seg innanfor belta, slik at eg lett kan snu meg rundt i elva.

1 kommentar:

Monika sa...

Kor flinke du er ;)
Smil fra monika i eidsdal