Nokre oppdrag er meir krevjande enn andre. Vegen er lang frå grøftegraving 10 meter over havet til graving av hòl til høgspentmaster fleire hundre meter over havet! Det er dette som gjer jobben min så spennande; stadig nye utfordringar og nye stadar å sjå! Det er sunt med variasjon og artig å prøve noko nytt!
Tussa Kraft skal skifte ut høgspentstolpar og treng gravemaskin både til graving av nye hòler og til å reise stolpane. Stolpane er 17 meter høge og ein må vere stø på handa for å manøvrere dei i rett posisjon.
Linjearbeidarane sørger for at alt går rett føre seg.
Ein av dei viktigaste grunnane til at stolpane må skiftast ut, er at hakkespetten øydelegg stolpane. Bileta viser at dei hakker seg rett gjennom stolpen, noko spettet illustrerer. Dei hakker seg også opp og ned stolpane innvendig, noko som gjer at stolpane fort rotnar opp og kan knekke.
Til høgre i biletet kan ein så vidt skimte Bjørke kraftstasjon og busetnad. Fjellet i framgrunnen heiter Kamben og vegen for å kome seg rundt fjellet, frå Bjørke til Leira, har vore spesielt utsett for ras og steinsprang. Om ei veke er det opning av Leiratunnelen, som med sine 1953 meter vil gi rassikker veg mellom bygdene Bjørke og Leira/Viddal.
Bjørke kraftstasjon. Kjempejettegryta, som ein kan skimte rett til høgre for kraftstasjonen, vart avdekt midt i senterlina for tunnelpåhogget for Leiratunnelen. Lengst til høgre i biletet ser ein tunnelopninga på Bjørke.
Jettegryta er unik, ikkje berre i nasjonal, men også i internasjonal samanheng.
Det er ikkje alle som har så spektakulær utsikt frå arbeidsplassen sin!
Her er ein ny travers montert.
Gå gjerne innom Tussa AS sine heimesider for å lese meir om prosjektet!
(Noko av teksten om Jettegryta og Leiratunnelen er henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune si brosjyre om Leiratunnelen)
1 kommentar:
Det er jammen fint der inne, men eg likar slettes ikkje å tenkje på at du balanserer på fjellhyller så langt over havet, kjære husbonden min....
Legg inn en kommentar